
Rutinar for levering
Rutinar for levering av vilt
NB! Vomskutte dyr, eller dyr som er tilsølt med vom under slakting blir avvist. Mattilsynet godkjenner ikkje dette. Dette gjeld òg om feltkontrollør har godkjent slaktet.
-
Alt vilt som leverast til oss, skal helst vere avtalt på førehand. Vi tilbyr her både mottak der vi kjøpar dyret, og mottak der vi utfører forskjellige tenester for jeger/kunde. Dersom du leverar hjort som er kontrollert med feltkontroll, er det ikkje vi som står ansvarleg for vidare kvalitetskontroll av kjøtt. Vi utfører tjeneste etter avtale, og har dermed ikkje vidare ansvar for kjøtt som forlet slakteriet som ikkje er solgt av oss.
-
Det er jeger sitt ansvar å ta CWD prøve. Vi har utstyr til å gjere dette for enkelte, men det er jegeren som må sende dette inn. (Det kan vere endringar vedrørande CWD frå sesong til sesong, ta kontakt med oss angående dette i forkant av sesong dersom du er usikker på noko).
-
Ved transport av slakt, er det veldig viktig å sørge for god innpakking slik at slaktet forblir i best mogeleg tilstand frem til levering inn til oss.
-
Det må følgje med eit kontrollskjema på alle dyr som blir levert til oss (egenerklæring). Denne har vi kopier av på slakteriet som du kan fylle ut der, eller laste ned PDF som du finn lenger nede på denne sida.
-
For at vi skal kunne partere dyret, må det følgje med godkjent feltkontroll-lapp.
-
Skal du selje dyret til oss, må det utvisast stor forsiktigheit ved utvomming. Det må ikkje skjerast hol på organar slik at slaktet blir tilgrisa av vom eller tarminnhald. Det er anbefalt at du tar ut vom straks du har anledning til dette.
-
Kvaliteten på ferdig produkt avhenger mykje av korleis dyret har blitt håndtert etter felling. Slaktet bør leverast snarast mogeleg, og seinast innan 2 døgn etter felling. Ved varmt og fuktig vær, må det helst leverast tidlegare. Heng slaktet for lenge, vil kvaliteten reduserast raskt. Vi ser helst at største delen av mørningsprosessen foregår hjå oss. Har første del av modning foregått hos jeger, vil slaktet bli frakta direkte til kjøl for hengande slakt. Her kan slaktet henge 1-5 dagar, og dersom vi ser at noko er gale med slaktet, vil jeger bli kontakta.
-
Ved sal inn til oss, treng du ikkje feltkontroll. Dermed må desse organa følgje dyret inn for kontroll, som blir tatt av mattilsynet.
-
Hjarte
-
Lunge
-
Lever
-
Nyre
Oppgjeret skjer på grunnlag av vekt etter at skrotten er reinskoren for skotskade, feitt og blod. Hjortefeitt er ikkje egna for videre bearbeiding.
Rutiner for levering på PDF: klikk her
Egenerklæring på PDF: klikk her
Skjema for kontakt- og betalingsinformasjon ved sal inn til oss: klikk her