top of page
Image by Asa Rodger

HJORTEOPPDRETT

Den norske hjorten, cervus elaphus atlanticus, som det også heiter på latinsk reknar hjå mange å vere vårt edlaste hjortevilt. 





Den norske hjorten er utsjånadsmessig ulik all hjort ellers i Europa. Den er rekna som ei eiga underart av denne, og ein reknar norsk hjort for å vere genetisk rein. (Altså ikkje blanda med andre underarter av hjort). Også mange stader i Norge kalla kronkjort. Derfor etter norsk lov er import av levande hjort, sæd eller embryo til Norge per idag ikkje tillate. Dette begrunnast med risiko for genetisk innblanding, samt spreiing av sjukdommar og parasitter som i dag ikkje finnast i den viltlevande Norske bestanden.

​

Nettopp på grunn av frykta for sjukdomspreidning og genetisk forureining m.m vart det tidleg innført regulering for denne produksjonen. Hjorten som brukast i oppdrett blir definert som vilt, og det er fastsett at det er kun tillate å drive oppdrett av hjortedyr som har opprinnelse i norske viltlevande hjorte bestandar. Dei første dyra vart fanga inn frå den ville bestanden. Dermed er hjorten som beitar inne i hegna våre, den same opprinnelses hjorten som den som er på utsida. Denne reine hjortestamma som oppdrettarane forvaltar inne i hegna er noko heilt
unikt i hjorte oppdrettsamanheng verda over. Det er vi stolte av!

​

​

​

​

​

​

​

​

​

​

​

​

 

 

 

 

 

 

 

Moderne norsk hjorteviltoppdrett starta som næring i Norge i 1984 og er
ei lita næring i Norge. Næringa er regulert under viltloven og dyra vert dermed ofte omtala som hjortevilt. Det er no ved inngangen til 2016  ca
90 aktive hjorteviltoppdrett i Norge, geografisk fordelt over heile landet, med ein snitt størrelse på 30 produksjonskoller. Næringa er i vekst her i landet. For å kunne drive med hjorteoppdrett så må ein søkje om løyve
via konsesjon i den enkelte kommune. Då søkjer ein om det antalet ein
har forgrunnlag for. Veldig mange av oppdretta har også eige viltslakteri for slakt, partering og distribusjon av kjøtet. Mindre oppdrett går gjerne saman om eit felles anlegg.

​

Norsk Hjortesenter på Svanøy er det leiande fagmiljøet med ekspertise og forsking  i Norge når det gjeld forvalting av hjort både innanfor Hjorteoppdrett og forvaltning av villhjort. Dei fleste hjortevilt oppdretta er medlemar i Norsk Hjorteavlsforeining som tek vare på medlemmane for eksempel i jordbruksforhandlingar, samarbeid om regelverk opp mot Mattilsynet Animalia osb.

​

NORSK OG INTERNASJONAL HJORTEOPPDRETT

16403038_410840612584636_5943397484998661448_o.jpg

FAKTA

​

Internasjonalt så er det New Zealand som er den store aktøren med ca  5000 hjortefarmer og 1,8 millionar dyr. Oppdrett av hjort, starta der i 1967.

​

I Europa er det betydelig produksjon av Hjort i Irland/Scotland, Tyskland ,Sverige om lag 300 000 dyr fordelt på 9000 farmar. Mesteparten av oppdretts dyra nede i Europa er dåhjort medan tyngda av hjortedyra i UK er hjort.

​

Asia med Kina som leiand nasjon har også ein betydelig produksjon med om lag 600 000 "sika" og "rusahjort" i oppdrett.

​

Verdensproduksjonen av hjortekjøt er om lag 30 000 tonn, New Sealand åleine produserer 20 000 tonn av dette, noko som tilsvarar det årlege konsumet av hjortekjøt i Europa.

​

​

UTSJÅNAD OG KARAKTERISTIKK​

​

Den norske hjorten, cervus elaphus atlanticus, som det også heiter på latinsk reknar hjå mange å vere vårt edlaste hjortevilt. Den vanlegaste levande vekta for vaksne han- og hohjorter er vanlegvis rundt 180-240kg og 135-140kg, men det kan forekome større dyr. Hanhjorten kaller vi bukk, og hohjorten kolle eller hind. Avkome kallast kalv, og den levande vekta for nyfødde hjortekalver ligger mellom 7-9kg.

​

Det som kjenneteiknar den norske hjorten, er at den har ein svart ryggestripe frå nakke til hale. Denne er tydeleg både i den raudbrøne sommarpelsen og den meir gråbrune vinterpelsen. I forskjell til andre underarter, der denne kan vere heilt- eller delvis fråverande. Innsida og baksida av låra har eit lysare hårlag, dette utgjer det karakteristiske speglet.

16487446_410840662584631_1242448655110425679_o.jpg
bottom of page