
HOVDENAKK HJORT
Vi er ein familiebedrift som driv hjorteoppdrett i Hovdenakken, vi starta denne ferda i 2015 og har sidan då satt opp ca. 4,5 km med hjortegjerde og eit EFTA godkjent anlegg for slakting, nedskjæring og vidarefordeling av hjortekjøt. Med dette satsar vi på å kunne tilby folk flest ein moglegheit å kjøpe ekte norsk hjortekjøt. Vi vil også gi eit tilbod til jegarane som er i vår tilknytning, å få levert hjortane sine, og bearbeida til det produktet dei ynskje - eller å selje det vidare til oss for kommersiell omsetjing.
På gardsslakteriet vil jegarane også ha mogelegheit til å kjøpe utstyr av høg kvalitet til slakting og bearbeiding, samt anna tilbehør. Dette vil ein også kunne bestille på vår nettbutikk.
Hjortane våre traskar på eit område som er fordelt på sju hegn slik at vi kan vekselbeite ved behov. Innhegninga er på totalt 200 dekar, der dei har naturlig- og tillaga ly for vêr og vind, og med gode markar å beite på.
Dyra vår har godt vekstforhold der alt forgår på naturleg måte, med andre ord, gir vi dei fred i den tida dei gir liv og i den tida dei leve som mest. Dyra stellar vi med, og vi har kontroll på dei, frå befruktning til ferdig produkt.