IMG_9287.jpg

VELKOMEN TIL OSS!

Hovdenakk Hjort A/S er ein hjortefarm i Ørsta, Søre Sunnmøre. Så langt den einaste hjortegarden i Møre og Romsdal som driv avl og oppdrett av norsk hjort.

 

  • Facebook - svarte sirkelen
  • Instagram - svarte sirkelen

I tillegg til hjorteoppdrett, har vi og eit moderne slakteri som er godkjent av mattilsynet. Her vil jegarar og jaktlag som er i vår tilknytning ha moglegheit til å levere sine dyr til oss. Her får dei dyret behandla slik dei vil. Dette blir gjort etter avtale.

Vi tilbyr hovudsakleg produkt av hjortekjøt, men kan og produsere av andre typer kjøt, som for eksempel storfe. Vi tilbyr til både privat og næring. Kjøtet som blir produsert hjå oss er ferdig vakuumpakket, mørna og pakka på ein forskriftsmessig måte. 

Ved sesong tar vi også for oss ulike kurs, som kurs i slakting, partering eller pølselaging. (Meir om dette kjem seinare). 

Om du har spørsmål, ikkje nøl med å ta kontakt!